Kampar kommande veke på ein ryddig Stryn Stadion

Postet av Stryn Fotball den 14. Apr 2024

Vi ryddar stadion!

Vi er alle glade i aktivitetsområdet vårt Stryn Stadion. Dessverre er det ikkje alltid det ser slik ut. Søpla flyt til tider, dunkane er fulle, attgløymde klede, sko, drikkeflasker m.m. ligg overalt. Måla blir brukt som klatrestativ og hengekøyer, det lagar hol i netta og spesielt småmåla er utsatte, blir lett øydelagde og dyre å erstatte. 

Vi håpar å få fleire til å ta eigarskap til området vårt og at vi saman kan gjere det endå kjekkare å være på Stadion. Husk det er lov å minne folk på å rydde etter seg.  Vi har innført ordenslag i vårsesongen, i veke 15 er det Jenter 12-16 som har ansvaret, men vi oppfordrar alle som brukar stadion til å ta i eit tak.

  1. Plukk opp søppel, få det i søppeldunkane (Fruktavfall frå pausefrukta kastar de i dei store containerane ved klubbhuset, så slepp vi at det rotnar i dei mindre dunkane)
  2. Er søppeldunkane fulle, skift bossekk, full sekk kastast i containeren ved klubbhuset.
  3. Gjengløymde ting(sko, klede, flasker osv) skal leggast i «gjengløymtkassa» (når denne er komt på plass)

Plastsekkar vil bli lagt under speakerbua (innerst til høgre) og på vaskerommet i klubbhuset.


Vi håpar dette gjer til at ein i felleskap klarer og ha ein meir presentabel stadion. 




Endeleg – vårens vakraste eventyr – seriestart i Kretsligaen!

Postet av Stryn Fotball den 12. Apr 2024

Trenar Jon Terje Tjellaug har ordet, i forkant av serieopninga mot Studentspretten i morgon (laurdag) kl 14.


Assistent Mats Solheim og hovedtrenar Jon Terje Tjellaug. Foto Fjordingen.

Helga er komen. Seriestarten er her. Ein utfordrande vinter, der spesielt kulden har vore hard, er over. Lauva sprett ut på trea, og fotballen begynne og rulle. 

På TV går eliteserien sin gong, vi føl med spelarar med tilknyting til Stryn både i Sarpsborg og Sogndal. No er det vår tur til å gå ut på bana og kome i gong med vår eigen sesong. Vi gledar oss. 

I november starta vi opp med innandørstrening. Godt å koble av, ha det kjekt og halde den fysiske forma litt ved like. Etter kvart bevega vi oss ut, forholda vart meir stabile, og etter vinterferien har vi vore ute.  På stadion har Jarle fiksa og ordna, og gjort så godt han kan for at vi skal ha gode forhold. 

Etter vinterferien har vi trent 4 gongar i veka, og spelt nokre treningskampar, med varierande resultat. Vi har fått inn nokre nye fjes, det er alltid godt i ei gruppe. Lars Gjørven og Lukas Olai Lødemel har meldt overgong frå Hornindal. Desse to supplerar gruppa vår på ein fin måte. Daniel Gjervik er på veg mot eit lite comeback etter at fjoråret var prega av ein kneskade. Utanom det er det mange kjente fjes. Ei ung spelargruppe, med mykje gode ferdigheiter. 

Som mange andre lag saknar vi spelarar i alderen 20+. Vegard, Jan Marius, Kjell August og Ole Ivan får stå for rutinen forløpig. Desse får være litt hærførarar og bidra med rutine og positivitet. Resten av gjengen held junioralder, men er likevel eitt år eldre enn i fjor. Dette håpar vi å sjå. 

Det blir litt for enkelt å seie at dei eldre må ta ekstra tak. Her må dei unge brette opp armane og våge ta endå større ansvar. Vi er avhengig av at dei vågar å ta dette ansvaret, viser seg fram, og bidreg på ein positiv måte både for seg sjølv og laget. Kvar einskild må gjere jobben sin, stille krav til seg sjølv, ikkje berre stille krav til alle rundt seg. Her er spennande spelarar som heilt sikkert har ei framtid i fotballen foran seg, det håpar vi å sjå spor av allereie laurdag. 

Vi er no 37-38 spelarar, og har til no opptredd som ei spelargruppe. Dette har ført til at vi om lag har vore 25 i snitt på trening. Ny situasjon i Stryn, lenge sidan det har vore slik. Det er både kjekt og utfordrande på same tid. Men vi har to lag som skal igjennom seriespel, så vi treng alle mann alle. 

I løpet av våren får vi litt påfyll i troppen. Jørgen Trøsken er i militæret, men kjem heim til nokre kampar i vårsesongen, og blir ein viktig mann for oss. Sondre Erdal kjem som sommarvikar mest sannsynleg frå studiar i Trondheim. Fin fyr som vil bidra positivt den perioden han er her både i trening og kamp. 

Nytt fjes inn i troppen frå midten av mai blir Isak Skogen. Isak har trent med oss tidlegare, men har studert vekke, siste året på Folkehøgskule i Oslo, der han har gått fotballinja. Spelar no for Skeid og har ein gammal kjenning frå Styn, Martin Dolvik som trenar. 

Nokre spelarar er vekke frå i fjor. Vi har ein Bergensgjeng (studentar) som dette året vil spele fotball i Bergen. Det har dei sjølvsagt fått lov til, sjølv om vi gjerne skulle hatt dei her. Sigurd F. Fænn og John-Erlend Bøe spelar for Baune, medan Håvard Kroken har meldt overgong til Nymark. Lukke til med sesongen i Bergen! 

Vi gledar oss til kampen mot Studentspretten i morgon. Endeleg er vi i gong. Ein ung og forhåpentlegvis svolten gjeng har lyst på ein god start på sesongen. Vi skal love å gjere så godt vi kan. Mange kvikke bein vil fylle grasmatta, vi satsar på at det er Stryn som er kvikkast. Håpar dette kan skape gode stunder og positivitet på stadion. 

Vi skal i alle fall gjer vårt beste.

Helsing Jon Terje



Nye rekruttdommarar

Postet av Stryn Fotball den 11. Apr 2024

f.v: Yngve Håkonsen (Instruktør), Håkon Sæbø, Fredrik Njøten, Markus Olsen, Roger Viem (dommaransvarleg Stryn Fotball), Dennis Maurset, Theo Tenden, Magnus Haugstveit.

Denne veka har vi kjørt rekruttdommarkurs i Stryn, vi har no 6 nye rekruttdommarar i klubben. Desse karane vil stort sett å dømme i 13/14 års klassen i år, men også  yngre klasser. 

Kurset består av ein teoridel på nett, så to kurskveldar med dommarinstruktør Yngve Håkonsen. Her var det gjennomgang av regler, studering av video og gode diskusjonar. Spesielt ein viss straffesituasjon frå kampen United - Liverpool vart gjentagende tatt opp. Kretsens beste assistentdommar Kjell August Ytre-Eide stakk også innom og snakka litt om rolla. 


Vi er godt stilt med yngre dommarar i Stryn og for at dei som dømmer skal få nok kampar til å utvikle seg  så vil vi ikkje ta inn for mange. Vi har pr no tilstrekkelig med dommarar frå 15 år og nedover, og tar derfor ikkje inn fleire akkurat no. Dei yngre dommarane tar Klubbdommarkurs neste veke, med Roger Viem som instruktør.

Vi ynskjer oss derimot fleire dommarar frå 16-17 år og eldre som kan dømme gutte / jentelagsfotball  og oppover til senior. Dersom det er av interesse så ta kontakt med John Os eller Roger Viem som er dommaransvarleg. Det er mulig å delta på rekruttdommarkurs allereie neste veke i Hornindal.

Takk til Yngve som stillte på som instruktør, og til Roger som velvillig har tatt  på seg rolla som dommaransvarleg. Kanskje har vi fleire kretsdommarar om ikkje alt for lenge.






Bli med i Scoringsklubben 2024

Postet av Stryn Fotball den 11. Apr 2024

Det nærmar seg sesongstart og begge seniorlaga våre skal i aksjon i helga! Fredag går turen til Gaular og bortekamp i 3.div damer, medan laurdag er det heimekamp i Kretsligaen kl 14.00 mot Studentspretten. 

Denne sesongen har du mulighet for å støtte Stryn Fotball ved å bli med i Scoringsklubben "Måltier'n". Ved å betale 10,- for kvar scoring til Stryn i Kretsligaen og/eller 3.div damer bidreg du med viktige kroner til aktiviteten i klubben vår.

Slik gjer du det:
Send STRYNH til 2002 for Stryn Herrer (Kretsligaen)
Send STRYND til 2002 for Stryn Damer (3.div damer)

Du vil du få scoringsvarsel direkte på telefonen din undervegs i kampane. Kvar Strynescoring og sluttresultat utløyser støtte på kr 10,- til klubben. Eventuelle scoringar for motstandar koster ingen ting.  I eksempelet på biletet viser Malin og Malene henholdsvis 3 og 2 scoringar, noko som vil utløyse kr 50,- i støtte. 

Betalinga skjer automatisk via telefonrekninga di kvar mnd. 

Bli med i Scoringsklubben 2024!



Endeleg sesongstart!

Postet av Stryn Fotball den 9. Apr 2024

For dei av oss som foretrekk idrett med ball og offiside, har ventetida vore mørk, lang og kald. Endeleg ser vi lyset i tunellen og dei første kampane nærmar seg.

Damene er første lag ut, bortekamp mot Gaular fredag kveld  på Sande Stadion. Med nye trenarar i Kjell Magne Bøe og Pål Trøsken blir det spanande å sjå korleis dei hevdar seg i 3.div avd 2. Dei andre motstanderane i avdelinga er Førde 2, Måløy, Selje/Åheim, Sogndal 2.

Laurdag er det duka for første heimekamp i Kretsligaen for herrelaget. Vi tek imot Studentspretten på Stadion 14:00. Stryn har historia på si side, av 8 møter har Stryn vunne 6, uavgjort 1, og tapet kom tilbake i 2019, det er jo lenge sia no. Statistisk sett vinn Stryn denne kampen 3,3 - 1,3, får 1,5 gult kort og 0,125 straffe, så får vi sjå om dette blir fasiten på laurdag og. (bank i bordet)

Søndag reiser småguttelaget og småjentelaget til Skavøypoll Stadion for å møte Måløy, henholdsvis klokka 12:00 og 16:00. Kjør pent.


Vi ynskjer laga lukke til!