Oppdatering turnhall

Postet av Stryn Turn den 29. Sep 2021

Hei foreldre og turnarar! 
Vi veit at mange turnarar no er utolmodige og har lyst til å kome i gang med turnen igjen. Difor vil vi jamnleg no framover  oppdatere her framdrifta slik at heimane er bra orienterte.
Status pr. i dag er at lokale handverkarar (ventilasjon, rørlegger-/elektrikerarbeid m.m) pågår med bra trykk i Basishallen. 
Stryn Turn har bestilt turnutstyr og forventa ankomst av dette er i midten/slutten av september. Vidare tek montering av dette utstyret eit par veker. Oppstart turn er vanskeleg å spå ettersom det er mykje som må vere på plass før vi kan opne. Både brannvarslingsanlegg, rømningsvegar, låsesystem for dører, vatn, varme og lys + + i tillegg til turnutstyret. 
Vi held fast ved det opplegget vi hadde i gymsalen i Bø. Det vil seie at dei yngste gruppene (under skulealder) trener på måndag/tysdag og dei i skulealder får treningstider på onsdag/torsdag/fredag.
Vi håpar De framleis er tolmodige. Uansett går det rette vegen og vi oppdaterer som sagt jamleg framover. Når vi er klare til turn kjem der stor annonse i Fjordingen, facebook og nettsida vår.  
Helsing oss i Stryn Turn

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.