Status oppstart turn 2022

Postet av Lisbet Nedreberg den 2. Jan 2022

Hei folkens!
Vi er no omlag ferdige med oppsettet vårt av turnutstyr i Basishallen. Kommunen har gjeve mellombels bruksløyve, men 
diverre har nye koronarestriksjonar sett ein liten dempar på humøret, så vi får berre vere tolmodige!
Annonse for dag/tid gjeldande treningar kjem her, på FB og i Fjordingen i januar ein gong. Vi er ca 30 trenarar/instruktørar som kjem til å gjere vårt beste for at turnarane får både glede og utbytte av turn. Her ser de korleis hallen ser ut no!
Bileta er henta frå Fjordingen sin reportasje i desember -21. Stor takk til lokalavisa!



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline