Saksvedlegg ekstraordinært årsmøte 12.01.2022

Postet av Else Jenny Staalnacke den 10. Jan 2023

Etter avklaringa frå lotteri- og stiftelsestilsynet og kultur- og likestillingsdepartementet, kom det fram at det ikkje er opning for at Stryn Kommune overtek Arena Stryn-bygget. utan at Stryn T&IL mister momskompensasjonen på ca.10.mill. 

Difor må ST&IL fortsatt eige bygget, og vere den som er formell lånetakar overfor Sparebanken Sogn og Fjordane. 

Idrettslaget vil sitje med eit langsiktig lån på ca. 10 mill, men kommunen vil yte eit årleg tilskot som skal dekke lånekostnadane. 


For at banken skal kunne opprette lånet må det formelle  vedtakast i nok eit ekstraordinært årsmøte. 


Lånet ser slik ut: 


Nedbetalingstid 40 år med årleg forfall

Rente NIBOR 3 mnd + 1,35%

Stryn kommune betalar renter og avdrag direkte inn på lånet.


Vedtaket som skal fattast, er : 


Årsmøte i STIL vedtek å ta opp lån i Sparebanken Sogn og Fjordane på inntil kr. 10.250.000,-.

Lånet skal sikrast med kommunal garanti pålydande lånebeløpet.

XX og YY signerer lånedokumenta på vegne av STIL.


Vidare vedlegg til saka (Avtaler med kommunen etc) blir lagt fram på møtet, eventuelt tilsendt ved forespørsel til styreleiar Jenny Staalnacke, på elsjensta@gmail.com




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.