- Det er 100% verdt å vere mørbanka no

Postet av Frank Hool den 12. Mai 2023

Vegard Sæten Hopland varta opp med ei kunst-scoring mot Bremanger. Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no.

Dagens stryning Emil Allesøe sette pris på å ta tre poeng. - Ekstremt deilig å vinne fotballkamper! Spesielt deilig når det blir lagt ned en så god innsats av hele laget, de på benken og alle som var og så kampen! Det er 100% verdt å være mørbanka fra ytterste neglrot til øyebryn og panne når vi drar i land den her!, sa ein småsliten Emil etter kampen.

Måla til Stryn vart scora av Hubert Wdowiak og Vegard Sæten Hopland. Spesielt målet til Hopland var eit kunstverk!
Firda Live sin beskrivelse var slik:
"Å herregud for eit treff av kaptein Hopland! Vakkert innlegg frå Hubert Wdowiak, etter fint framspel av Jon Erlend Bø i forkant. Hopland dempa ballen på kassa 10-11 meter frå mål, og ligg vannrett i lufta då han kliner ballen knallhardt i nettaket! - Det er Zidane-takter på Hopland der!, skrik ein entusiastisk Einar Dons Brath."

Sjølv om Bremanger var nære utlikning på slutten, hadde trenar Jon Terje Tjellaug fokus på dei 3 poenga som vart att i Stryn.

- 3 poeng, det betyr alt i dag. Gutane har stått i ei tung veke, har måtte høyre mykje, og vi har stått i det. Eg er imponert over at dei klarar å nullstille, og hente fram ein vilje til å ville vinne. Den gleda mest, eg såg tydeleg at det betydde noko for alle saman. Spelemessig er der store variasjoner, frå det gode til hawaiifotball. Men veit du kva? Det betyr ingenting, i dag var det kun 3 poeng som gjaldt, sa ein letta trenar etter kampslutt.


Stryn - Bremanger: 2-1 (1-0)
Kretsligaen, Stryn stadion, fredag 12.05.2023

Mål:
1-0 Hubert Wdowiak (26 min)
2-0 Vegard Sæten Hopland (54 min)
2-1 Simon Brekke Rebni (60 min)

Stryn:
Christian Svoren Strand, John-Erlend Bø, Johannes Fredheim (Jesper E. Jepsen i 32 min), Jørgen Trøsken, Emil Allesøe, Jan Marius K. Brekke (Ole Ivan G. Espeland i 37 min), Kevin Hoddevik (Tomas Eikens Tjellaug i 2 min), Steinar Hauge, Saeed Tajik, Hubert Karol Wdowiak, Vegard Sæten Hopland (Mohamed Ahmed i 7 min)

Ubenytta innbytarar:
Kjell August Ytre-Eide, Emil L. Aaning, Cato Gundersen




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.