Mange lag frå Stryn deltok i KM-futsal sluttspel i helga!
Postet av Stryn Fotball den 4. Mar 2024
Denne helga vart sluttspelet i KM-futsal arrangert i Trivselhagen på Sandane, og Stryn stilte med totalt 11 lag i turneringa. Her er ei oppsummering av innsatsen til våre lag:
Laurdag:
Stryn G14: Turneringa starta med 2-0 siger over Eid 2 i fyrste kamp. Etter dette vart det knepne tap for Førde 1 (1-2) og Sogndal (0-1) i dei påfølgande kampane. Stryn gjekk likevel vidare til 1/4-finale som beste 3-ar lag. Her vart det nytt møte med Sogndal og nok ein gong knappast mogleg tap (3-4).
Kretsmeister: Florø 1
Stryn G16: Stryn sin gutar var i pulje med Gaular, Eid, Dale og Førde 2. 3 tap og ein uavgjort (2-2 mot Dale), gjorde at det dessverre ikkje vart sluttspel denne gongen.
Kretsmeister: Måløy
Stryn J14: Sterk opning av jentene med 2-0 siger over Førde. Uavgjort (1-1) mot Årdalstangen og ny siger (5-3) over Hyllestad kvalifiserte til gruppesiger og semifinale mot Måløy. Her vart det 2-3 tap og dermed bronsefinale for Strynejentene. Ny kamp mot Årdalstangen, denne gongen vart det siger (1-0) og bronsemedalje til Stryn!
Kretsmeister: Måløy
Stryn J19: Sterk opning også av Stryn sine eldste jenter med 3-0 mot Vik 2. Etter dette vart det 3-1 sigrar både mot Sogndal og Hyllestad og 1-2 tap mot Eid. Også her vart det gruppesiger og kvartfinale mot Gaular. Her vart det tap 1-3 for Stryn og dermed var ein ute av turneringa.
Kretsmeister: Hyllestad
Søndag:
Stryn J13: Vårt yngste jentelag var komen i pulje med Årdalstangen, Gaular og Dale. Tap for Årdalstangen (0-2) og Dale (1-2) og siger (2-0) mot Gaular gjorde at jentene havna på 3.plass i pulja, noko som ikkje kvalifiserte til sluttspelet.
Kretsmeister: Årdalstangen
Stryn J15: Her vart det siger (2-1) mot Bjørn i fyrste kamp. 2 strake tap mot Jotun (0-3) og Førde 1 (0-5) medførte at siste kamp i gruppesepelet mot Loen 2 måtte vinnast dersom laget skulle nå 1/4-finalen. Jentene gjorde jobben og slo naboane 4-0. I 1/4-finalen var Sogndal motstander, og Stryn drog i land ein 4-3 siger. Semifinalen endte med 0-5 tap for Eid og dermed vart det bronsefinale mot Førde 2. Også her vart overmakta for stor og sunnfjordingane kunne gå av bana med 6-0 siger - dermed 4.plass til Strynejentene.
Kretsmeister: Eid
Stryn G13: I 13-årsklassa hadde Stryn 2 lag kvalifisert til sluttspelet! Stryn 1 starta dagen med siger 4-0 over Høyang. Mot Florø 2 vart det ny siger (2-1), før Jotun påførte gutane dagens fyrste tap (1-2). I siste gruppekamp vart Stryn tilbake på vinnarsporet og med 6-0 siger over Førde 2 vart det 2.plass i gruppa. Gutane skulle gå heile vegen til finalen, og etter 2-0 over Måløy i kvartfinalen og 3-1 over Florø 1 i semifinalen, venta Førde 1 i den avgjerande kampen om gullmedaljen. Knepent 0-1 tap mot laget frå Sunnfjord gjorde at Stryn sine gutar fekk med seg ein fin sølvmedalje i deira fyrste KM-sluttspel!
For Stryn 2 vart det siger mot Askvoll/Holmedal (1-0), tap (0-2) for Sogndal og uavgjort (2-2) mot Florø 1. 3.plass i gruppa kvalifisert til kvartfinalem som endte med 0-1 tap for Florø 1.
Kretsmeister: Førde 1
Stryn G15: Stryn starta med 2 strake sigrar mot henholdsvis Høyang 1 (1-0) og Bjørn (2-0). I siste gruppespelskampen vart det tap 0-1 for Førde 1 og dermed 2.plass i gruppa bak nettopp Førde 1. 1-2 tap for Eid i semifinalen og 0-2 for Dale i Bronsefinalen gjorde at det vart 4.plass til slutt for G15-laget vårt.
Kretsmeister: Førde 1
Stryn G19: Også i den eldste gutteklassa stilte Stryn med 2 lag. Stryn 1 gjekk gjennom gruppesepelet med 3-0 siger over Sandane 2 og uavgjort mot Askvoll/Holmedal og Kaupanger. I ei jamn gruppe vart det gruppesiger og kvartfinale mot Vik. Etter 4-0 siger her venta Sandane 1 i semifinalen. Her vart glopparane for sterke, det endte med 0-1 tap og dermed bronsefinale mot Kaupanger. Her var det liten tvil og etter 5-0 siger kunne Stryn 1 innkassere 3.plassen i sluttspelet!
For Stryn 2 vart det litt tøffare i gruppespelet, tap mot Høyang og Måløy 1 og uavgjort mot Eid gjorde at Stryn 2 endte siste på tabellen og var dermed ute av turneringa.
Kretsmeister: Sandane 1
Stryn Fotball gratulerer alle KM-vinnarane og takkar Sandane og NFF Sogn og Fjordane for eit godt arrangement!
På biletet ser du Stryn J14 som tok ein fin bronsemedalje under turneringa!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.